- Sider
- Framside
- Fleirdagarsaktivitetar
- Eindagsaktivitetar
- Reportasjar 2009
- Reportasjar 2007
- Diverse
- Kontakt oss
- Bildealbum
- Video
- Saudehornet rett opp
- Overnatting
Nyhendekategoriar» Om aktivitetane
» Om festivalen
Sist opplasta
bilde i albumet
Klikk her
Sponsorar:

Westres bakeri
Eurospar
Naturfestivalen 2010
Velkommen til Naturfestivalen 2010.

Naturen vår utfordrar turfolk sommar som vinter, og har gjort det i mange generasjonar.
Sunnmørsalpane med sine spektakulære tindar og fjellformasjonar skil seg frå andre område.
Fjordane våre er uendeleg vakre og ville.
Dei siste sju åra har vi arrangert Naturfestival i desse omgjevnadane.
Det har vorte tradisjon at festivalen opnar i Vikegata siste laurdag i juli.
Naturfestivalen 2010 vert frå 31. juli til 8. august.

Det unike med Naturfestivalen er den store variasjonen i tilbod – toppturentusiastar får testa grensene sine, born og ungdom får prøve spennande aktivitetar, og dei som vil rusle ein tur på gamle stiar i godt lag kan gjere det.
Kulturopplevingane er også ein særs viktig del av Naturfestivalen, og dette gjev ein ekstra dimensjon til arrangementa.
Årets program er enno ikkje heilt klart, men vi kan love mange godbitar mellom dei ca 50 arrangementa!
Ein vil finne att ein del gjengangarar som det har vist folk ønskjer å ha kvart år – dette gjeld mellom anna den store overgangsturen frå Leira opp Bakkedalen, føringsturen til Kolåstinden og aktivitesdagen i Bjørkedalen.
I år skal vi også ha aktivitetsdag i ei bygd til – dette får de vite meir om snart!
For dei som ønskjer å konkurrere vert det Ørstaritt på sykkel, og vi samarbeider sjølvsagt også med motbakkeløpet Saudehornet rett opp 7. august.
Elles kan vi love eit variert program med mange ulike aktivitetar.
Hovudtyngda av arrangementa finn som vanleg stad innanfor kommunegrensene til Ørsta og Volda, men vi kjem til å ta oss ein avstikkar eller to litt lenger ut i verda også i år!
Hald av den første veka i august og bli med på naturfest!
Alle turar skjer på eige ansvar.
Naturfestivalen seier frå seg alt ansvar eller skade på ting og personar som kan skje under dei ymse arrangementa så lenge festivalen varer.
All activities during Naturfestivalen are done at your own responsibility.
Naturfestivalen are not responsible for any damage to things or persons during the length of the festival.

Naturfestivalen er ikkje ansvarleg for utgifter som måtte oppstå ved feil på desse sidene.
Siste nytt
26.07.2010 - 19:36 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Om aktivitetane | 0 Kommentar
Det er enno ledige plassar på kurset i akrobatikk 29. og 30. juli.
Påmelding t.o.m. 29. juli kl 11.00!
I år får Naturfestivalen besøk av Eskil Rønningsbakken.
Les meir »
Påmelding t.o.m. 29. juli kl 11.00!
I år får Naturfestivalen besøk av Eskil Rønningsbakken.
Les meir »
25.06.2010 - 15:30 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Om aktivitetane
27.07 - Vertshuset LivElida har ope heile helga. 6. -8. august
19.07 - Avlyst: Heisbasert tur til Eitrefjell avlyst pga lynnedslag. Søndag 1. august
06.07 - Lagt til: Balansekunst ...
Les meir »
19.07 - Avlyst: Heisbasert tur til Eitrefjell avlyst pga lynnedslag. Søndag 1. august
06.07 - Lagt til: Balansekunst ...
Les meir »
20.06.2010 - 21:06 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Om festivalen | 0 Kommentar
Har du spørsmål eller kommentarar til Naturfestivalen kan du legge igjen ein kommentar under denne meldinga.
Evnt. svar på spørsmåla vil bli lagt ut her.
Evnt. svar på spørsmåla vil bli lagt ut her.
20.06.2010 - 12:13 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Om festivalen | 0 Kommentar
Tek du bilde eller film under aktivitetane denne veka vil vi setje pris på om vi kan få bruke dei på nettsida vår.
Du kan då sende dei beste bilda til post@naturfestivalen.no eller levere dei på ...
Les meir »
Du kan då sende dei beste bilda til post@naturfestivalen.no eller levere dei på ...
Les meir »
14.08.2009 - 16:17 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Om festivalen | 0 Kommentar
Vinnarane av fotokonkurransen 2009 er kåra
Vi fekk i år inn 31 flotte bilete. Kriterium for konkurransen har vore ”naturen som fellesnemnar”. Vi har dessutan oppmoda folk om ...
Les meir »
Vi fekk i år inn 31 flotte bilete. Kriterium for konkurransen har vore ”naturen som fellesnemnar”. Vi har dessutan oppmoda folk om ...
Les meir »
24.07.2009 - 21:59 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Om festivalen | 0 Kommentar
Kulturstudio på TVSunnmøre der Siri Dahl forklarar om Naturfestivalen 2009.
Først er det eit innslag frå Sommarfestivalen på Giske.
Les meir »
Først er det eit innslag frå Sommarfestivalen på Giske.
Les meir »