Heim / Fleirdagarsaktivitetar




Fleirdagarsaktivitetar


Aktivitetar som foregår over fleire dagar.

Program for Naturfestivalen 2010
(programmet blir oppdatert)


Sommarkurs i akrobatikk 29.- 30. juli
Vi får i år besøk av Eskil Rønningsbakken som er ein balansekunstnar i verdsklasse og har derfor gleda av å invitere til eit spennande kurs i akrobatikk / balansekunst. Oppmøte Voldahallen kl 12.00 til 15.00 begge dagar. Kurset er tilpassa aldersgruppa 8 til 13 år, og det vert ikkje forventa at deltakarane skal kunne så mykje akrobatikk frå før.
Kursavgift kr 400,-
Avgrensa plassar.
Påmelding seinast 27. juli til tlf 70 06 85 18 eller info@orstainfo.no
Arrangør: Global Balancing og Naturfestivalen


Fotokonkurranse
Send inn bilete til Naturfestivalen sin fotokonkurranse fram til 10. august!
Kriterium: Naturen som fellesnemnar. Vi oppmodar folk til å sende inn bilete frå festivalveka. Du kan sende inn bilete på info@orstainfo.no eller på CD-ROM til turistkontoret i Ørsta.
1.-3. premie pluss årets festivalfoto. Deltakarane må dekkje konstnadene ved å framkalle bileta i A4 format. Vinnarane vert annonserte i Møre-Nytt.
Arrangør: Naturfestivalen


Tandem paragliding
Meld deg på tandem paragliding gjennom heile festivalveka!
Pris frå Bondalseidet eller Brekkeheida er kr 1000,-.
Pris frå Rotsethornet er kr 1500,-. Dette er ei meir krevjande oppstigning.
Passasjerane må bere halve utstyret. Påmelding seinast 3 dagar før, tlf 70 06 85 18 eller info@orstainfo.no
Arrangør: Svein Bjørneset tlf 90968659, sve-harr@online.no


Småbåttreff i Ørsta Småbåthamn 6., 7. og 8. august
Ørsta Småbåtlag inviterer til småbåttreff og kan tilby særs gode fasilitetar. Plass til over 100 gjestebåtar. Det vert sett opp telt med plass til 500 personar, det vert grilling, servering og mykje god musikk.
Arrangør: Ørsta Småbåtlag v/ Bent Nilsen, tlf: 95813388


Stjernenetter på Kometland 6., 7. og 8. august
Nettene byrjar å bli mørkare og månen er ny: det ligg godt til rette for å utforske den fantastiske stjernehimmelem på Kometland i Volda. Knut Aarseth held ope kvar av desse tre kveldane frå kl 23.00.
Ring tlf 48124646 før du kjem.
Vêratterhald.
Pris for vaksne kr 100,-. Born t.o.m. 15 år kr 50,-.



På alle våre fjellturar er det viktig å ta på seg høveleg skotøy og ha med seg nok tøy og niste.
Tenk alltid gjennom eigen tryggleik og vis respekt for naturen sine krefter!