Reportasjar 2007
Rapportar frå aktivitetane i 2007
Tale under opninga av ordføraren i Ørsta
Velkomen til årets Naturfestival 2007 og gratulerer med dagen!
Det er fantastisk flott med ein slik introduksjon til årets festival med deltakarane i sykkelrittet syklande gjennom gågata til tonar av majestetisk korpsmusikk.
Årets program er som Ørsta kommune. Spennande, lærerikt, flott, variert og sist men ikkje minst utfordrande. Været er og utfordrande, og regn, det er natur det og. Festivalen tek i bruk heile kommunen, ja også Volda kommunen vert teken i bruk.
Ein skal vere forsiktig med å trekke fram enkeltaktivitetar, sidan festivalen består av så mange og gode aktivitetar med høg kvalitet. Men eg vel likevel å trekke fram sykkelrittet som er nytt av året. Eit nasjonalt landeveisritt. Det er viktig at festivalen kan by på nye aktiviterar kvart år og på denne måten fornye seg og samstundes bygge vidare på dei tradisjonelle delane avprogrammet som er godt innarbeidde. Det er flott at også syklistane har kome med i naturfestivalen. Og så må eg få nevne eit av høgdepunkta, Saudehornet rett opp. Fjelløpet opp til majestetiske Saudehornet. Eit løp som passar for alle, om ein vil konkurrere, eller om ein berre vil mosjonere.
Eg har lyst til å takke sponsorane til årets Naturfestival. Dykk som bidreg med kroner og øre. Dykk er viktige for økonomien i festivalen. Eg vil få takke dykk som har vore med å planlagt, og er med i arrangementskomiteen. Eg vil få takke guidane og instruktørane. Og sist men ikkje minst takkar eg dykk som deltek, og kjem til å delta i dagane framover. Utan dykk hadde det ikkje vore nokon Naturfestival. Ørsta kommune set stor pris på det arbeidet som vert lagt ned av dykk som er med å arrangerer festivalen.
Naturfestivalen er ein folkefest for alle. Frå tidleg morgon til seine kvelden. For unge og gamle. For einslege og familiar. For små og store. For godt trente og for mindre godt trente, slike som meg. Naturfestivalen passar for alle.
Eg vil få ynskje arrangørane og deltakarane lukke til med dagane framover. Vi har gleda oss sidan forrige festivalen, og vi gledar til oss til dagane framover.
Eg vil no gi ordet til ein kjend Ørsting, ein ekte Hjørundfjording, ein som veit å setje pris på fjella og naturen rundt oss. Ein som nettopp har bygd seg hytte slik at han og familien kan få bruke meir tid i vår vakre natur. Eg gir ordet til Arill Riise som vil opne festivalen.
Arill Riise opna Naturfestivalen
Hadde Saudehornet lege i Japan hadde fjellet vore heilag, meiner Arill Riise.
"Fjella våre byr oss opp til tur kva einaste gong vi ser på dei. Du kan motstå lysta, fornekte den eller gi blaffen, men før eller seinare blir du dregen opp og ut."
Gratulerer med dagen alle saman.
Det er ei stor ære for meg å få lov til å opne årets Naturfestival her i Ørsta.
Bygda som ligg så utruleg fint til i ein amfi ved Ørstafjorden.
Det er ikkje mange bygder her i landet som ligg så flott til som Ørsta.
Det slår meg kvar gong eg kjem frå Volda og køyrer ned Hovdebakken- Ørsta ligg som eit perlekjede rundt Ørstafjorden der husa klatrar oppetter bratte fjellsider.
Det gjekk ei stund før eg forstod kor vakker Ørstabygda er.
Det var rundt 1980. Eit nytt bokverk kom ut " Norge sett fra luften".
Eg gjekk inn i ein bokhandel i Bergen og fekk sjå eit fantastisk reklamebilete for dette bokverket.
Bilete var så flott at eg trudde det var frå utlandet. Frå New Zealand , eller kankje Sør Afrika?
Dama bak disken kunne på klingande bergensk fortelje at bilete var frå ei lita bygd på Møre.
Bilete var tatt frå eit fly på ein heilt klar dag og viste ikkje berre Ørsta, men avslørte heile tinderekka bak bygda.
Den du ser når du stend på toppen av Saudehornet.
Tinderekka som minner deg om Himalaya. Vårt Himalaya. Ja, det er slik når du stend på toppen av Saudehornet.
Du føler det som om du er i Himalaya.
Fjellet som Eldar Lingås spurtar opp på nesten kvar dag om sommaren. Eg traff Eldar på "Amfi" i påska .
- He du vore på Saudehornet i år , spurde eg. Klart det , 200 gonga til no i år , la han til med eit glis.
Saudehornet er unikt.
I Japan hadde fjellet vore heilagt å via til gudane- og pilgrimsmål for titusenvis av menneske verda over.
Saudehornet er Ørsta sitt FujiJama - Japans heilage fjell.
Har de sett kor Saudehornet lignar på FujiJama?
Det ligg som ein pyramide over bygda.
Det er eit av Norges vakraste fjell.
Eit fjell er vakrare, men det ligg også i Ørsta, Slogen.
NÃ¥r vi reiser ut let vi oss ofte imponere.
Alt er ofte større og betre langt heimanfrå.
Synes å hugse at Kleiva Leif kommenterte det på fylgjande måte då han kom tilbake frå USA;
-Alt er stort i USA, til og med regndropane er større i USA.
Har de tenkt på kva tyskaren seier når han kjem tilbake frå hytta på Hustadneset, eller Rjåneset?
Kva historier dansken fortel når han kjem tilbake etter ein tur gjennom Norangsdalen?
For ikkje å snakke om kva nederlendaren seier etter at han for første gong har sett Olafshola, eller krafsa seg opp på Smørskredtind, Ramoen eller Råna.
Dronning Wilhelmina av Nederland meinte landskapet her oppe var så nær slik det må vere i himmelen- at folk som budde her levde nærare Gud enn andre.
Norge er eit land med smilerynker, sa ho, der fjordane dannar smilerynker i eit furete andlet.
Då den av og til glitrande venstreback Gustave Bahoken kom seg opp på Ramoen ringde han til kona si i Frankrike og sa at han var på toppen av verda.
Lagkamaratane fortalde til Sunnmørsposten at han hoppa opp og ned heile tida medan han snakka.
Han hadde aldri opplevd noko liknande. Han trudde ikkje det var mogeleg.
Kor mange av oss har ikkje høyrt austlendingar misse pusten over fjella på flyet til Vigra?
Dei spør seg ;- Er dette i Norge, er dette verkeleg Norge?
Dei sit der mållause , og lurer på kvifor dei ikkje har oppdaga dette før.
Kvifor dei ikkje har vore her før.
Dei er like mållause som ein Slingsby, eller ein Patchell var då dei første gong stod på toppen av Slogen.
Fjellpionerane som kom til Norge etter å ha vandra i alpane lenger sør i Europa og som kunne fastslå utan tvil.
Den stoltaste utsikta i Europa fann dei på Slogen.
Ikkje på Mont Blanc, eller i Tyrol, men på Slogen.
"Kan man elske en tind, så elsker jeg denne", skreiv Kristofer Randers i sitt svulmande dikt til Slogen 1564 meter over havet.
Fjella våre byr oss opp til tur kva einaste gong vi ser på dei.
Du kan motstå lysta, fornekte den, gi blaffen , men før eller seinare blir du dregen opp og ut.
Kanskje ikkje til den høgste toppen. Kanskje til ein liten tur rundt Bjørdalsvatnet, men har du først blitt lokka til ein fjelltur så vil du før eler seinare gjere det igjen.
Men gjer det i ditt eige tempo. Følgjer du ditt eige tempo så kjem du fram!
I Ørsta må det vere mange som blir lokka.
I det siste har vi vore her mykje etter å ha bygt hytte på Bondalseidet, og det er eit spørsmål eg har stilt meg oftare og oftare.
Ligg ungdomkjelda i Ørsta?
Eg treff igjen gamle klassekameratar frå barne og ungdomsskulen og det er ein ting som slår meg.
Dei he færre "rokke" enn andre.
Dei er friskare i huda, ser yngre ut, Trass i hard ungdomsstid på Esso, så held dei seg forbausande godt.
Til og med betre enn jamnaldringa i bya.
Eg traff gamlelæraren min her, Tormod Bornstein.
Eg er pensjonist no, sa han. Eg såg at pensjonisten ikkje kunne vere ein dag over 40.
Sjå på ein annan pensjonist, Einar Øyehaug. Hadde han stilt opp i Tour De France så hadde han blitt teken for doping utan test.
SÃ¥ ungdomeleg er han.
Eg veit ikkje om det er Ørsta-vatnet som gjer det, men eg veit at fjella som er rundt her inviterar til til eit sprekare liv.
Eg møtte ein Ørsting i bakrus på veg til Saudehornet. Sveitten dreiv av han, og eg spurde;
- Å, e du på vei til Saudehornet? Ja, sa han , eg e so dårle at ej måtte ta mej enj tur.
Klart du held deg betre i form når fjellturar blir medisin.
Å gå i fjellet er effektivt mot det meste, dessutan er det heilt gratis.
Det er terapi og gir inspirasjon.
Du treng ikkje å betale 24 000,- i semesteravgift til ei prinsesse for å lære deg å snakke med englar.
Du får mykje meir nærkontakt med dei gode kreftene i deg ved å stige opp på Skårasalen, Kolåstindi, eller Jakta.
Eller ved å kaste med ei kredetrode fram på Vatnevatnet.
Naturfestivalen i Ørsta byr på meir enn New Age og healing.
Programmet i år byr på meir enn engleprat og djupare kontakt med dyr.
Programmet gir deg naturopplevingar som varer livet ut, enten du vel å vere med på tur til Jakta, slik Oslos tidlegare ordførar Ann Marit Sæbønes har tenkt å gjere, eller du er med på hyggjedag på Grytastøylen på Vartdal.
Det er eit imponerande program i Norges mest imponerande natur, fleire og fleire ser det.
Og det å gå i fjellet det virkar, det er godt for humøret, for blodtrykket, for såre skuldrar og til og med for vonde kne.
Du må berre velgje din tur, turen som passar for deg. Du har tusenvis av mulegheiter til å kome deg ut, og det er betre enn Botox og all verdas rynkekremar.
Eg ynskjer arrangørane lukke til med Naturfestivalen i hjartet av Sunnmørsalpane.
Eg veit at Stranda og Sykkylven prøver å stele namnet, men hjartet av Sunnmørsalpane er Ørsta, Vartdal og Hjørundfjorden.
Å leve godt er å leve for det du brenn for, for det hjartet bankar for.
Dei som arrangerar Naturfestivalen brenn for at du skal kome deg ut og opp.
Det er ingen tvil om at hjartet ditt bankar betre dersom du gjer det.
Med desse orda ynskjer eg arangørar og deltakarar lukke til og erklærer Naturfestivalen i Ørsta 2007 for opna.
Ørstarittet
Under opninga av Naturfestivalen var det for fyrste gong sykkelprolog.
Det var ryttarane som skulle vere med i Ørstarittet som kom syklande forbi - 45 syklistar i konkurranseklassa og 25 i trimklassa.
Ørsta sykkelklubb var arrangør av det 89 km lange rittet.
Etter at starten hadde gått ved Ørsta ungdomsskule sykla konkurranse-ryttarane gjennom Follestaddalen og vidare til Sæbø.
Retur til Åmdalen - over Krøvelseidet - Volda sentrum - Ose - Melsvegen - Åmdalen - tilbake til start.
Dette var ei krevjande løype med ei stigning på over 1 000 høgdemeter.
Det fanst eit kortare alternativ for dei som tykte at 89 km vart i det meste laget.
Trimklassa køyrde 25 km rundt Follestaddalen. Her kunne alle over 12 år delta, og yngste deltakar Mina Haugen var akkurat gamal nok til å vere med.
Alle syklistane vart våte i striregnet, men det vart likevel eit fint arrangement.
Været kunne ingen gjere noko med, men ryttarane synest det gjekk fint med trafikken og at løypa var variert og spennande.
Vinnaren, Mikael Johansen frå Florø skrytte og sa at han tykte løypa kunne måle seg med det dei har å tilby i meir kjende ritt..
Johansen vann med god margin på tida 2 timar og 20 minutt føre Leif Inge Skare frå Volda og Espen R. Hansen frå Hamar.
Diverre måtte ein syklist i bakken på Bondalseidet, og han vart sendt til sjukehus med brote ribbein.
Ørsta sykkelklubb fekk mykje ros av deltakarane.
Ein ting dei verkeleg sette pris på var serveringa etter rittet.
Der var det gratis gryterett, kaker og drikke til alle ryttarane etter løpet.
Det smakte nok ekstra godt når ein kom i mål våt og trøytt.
Historierik familietur på Hellevegen
Torsdag 2. august tok kultursjefen i Ørsta, Jostein Mo med 40 personar på familietur på Hellevegen til Brekkeheida.
Dette var fjerde gongen Jostein Mo tok med seg folk på denne turen, så turen har vore eit fast innslag under Naturfestivalen.
I år småregna det litt, men det var likevel triveleg å vere ute på tur.
Jostein Mo sjølv uttalte at han faktisk syntest det var fint å få vist fram naturen også i dårleg vår.
Publikum ser då at det er fint å vere ute i naturen også når været ikkje er på det beste.
Turen starta frå parkeringsplassen ved Brudavolltunet, og gjekk så opp mot Hellevegen og til Brekkeheida.
Nils Øye kom følgjet i møte og tok dei med til Brekkesetra der han fortalde om barne- og ungdomsopplevingar på Brekkeheida.
Her fekk turdeltakarane sjå utskjeringar og trollfigurar.
Til Møre-Nytt fortel Jostein Mo litt meir om dette arrangementet: fleire av dei som har vore med til Brekkeheida, har vore med kvart år., men mange var med for første gong.
Eit av måla med desse turane er å vise at vi har ei sentrumsnært område som er lett tilgjengeleg.
Her kan kvar og ein ta seg ein tur.
Vegnettet byrjar no også å verte så godt utbygd at folk som vanlegvis ikkje kjem seg opp i fjellet, har ein sjanse til det.
Familietur med Tussa til Tyssevatn
På siste dag av Naturfestivalen var det sett opp topptur til Bjørkehornet 1430 meter over havet, men været gjorde det uråd for kjentmann Jarle Myklebust og gruppa kome seg heilt opp denne dagen.
Det vart heldigvis også planlagt ein rolegare familietur opp til Tyssevatnet som ligg på halvvegen.
Ved Tyssevatnet ligg Tussahytta, og der er det fint å bade og fiske, men badinga var det nok ingen som tenkte på i regnet.
Fisking vart det derimot litt av, men ingen heldt på lenge nok til at det vart fangst.
Turen starta frå Ørsta med buss alt kl 09.00 på morgonen til Sæbø.
Deretter var det sett opp båt vidare til Bjørke.
Deltakarane fekk såleis også med seg ein fin tur på Hjørundfjorden.
Mellom 40 og 50 deltakarar let seg ikkje stoppe av veret og vart med til Tyssevatnet der alle etter kvart fekk seg ein varm og god plass i i Tussehytta.
Her fekk dei ete nista si. Diverre vart det skralt med bading og nokre prøvde seg på fisking, men fiskelykka var også skral så nokon fangst vart det heller ikkje.
Men premiar fekk dei likevel for i det heile teke å ha prøvd!
Yngstemann på turen var tre år gamle Daniel Fagerhol Vartdal.
Han gjekk stort sett for eiga maskin heile vegen, men måtte bærast over elva.
Ein slik strabas står det respekt av, og vi tippar han sov godt den påfylgjande natta.
Deltakarane som hadde tenkt å nyte utsikta frå Bjørkehornet vart nok skuffa, men ei fin naturoppleving vart det likevel med mykje frisk luft.
Vi prøver Bjørkehornet igjen i 2008.
Fjellklatring under Naturfestivalen
Ingen Naturfestival utan klatreaktivitetar.
Veret gjorde sitt til å setta hinder i vegen for fjellklatring under festivalen i år, men folk let seg ikkje stogge heilt.
Det vart både familieklatredag på Kyrkjesteinen i Skorgeura og klatreføring til Bladet i Molladalen.
På Kyrkjesteinen fekk dei minste prøve seg, kanskje for fyrste gong, med hjelp frå Christer Lundberg i SunAlp.
Det var morosamt for dei yngste å klatre, og kanskje gav det meirsmak slik at dei blir med til Bladet om nokre år?
Tur til Kolåstinden
Dei fleste Sunnmøringane har eit forhold til Kolåstinden, og mange valfartar gjerne til toppen på 17.mai.
No har det også vorte tradisjon å avslutte Naturfestivalen med ein tur til "kongen av Sunnmørsalpane".
I år hadde såleis folk høve til å bli med på føringstur søndag 5. august.
Dette er ein tur alle med ein smule kondisjon kan vera med på, og i år fekk 21 heldige deltakarar vere med.
Christer Lundberg og Kåre M yrene, røynde fjellguidar frå Sun Alp, førte deltakarane trygt over breen til toppen (1432 m.o.h).
Sjølv om deltakarane fekk både regn, ving og skodde på turen, vart det ei minnerik oppleving av trollsk natur.
For 14 av dei som var med var dette fyrste gongen på Kolåstinden.
Turen over breden gjekk fint på god, høveleg hard snø.
Mot toppen var det sleipt grunna alt regnet, og dette var nok litt tøft for nokre av deltakarane, men alle kom seg fint opp på toppen.
Fiskedag i Ørstaelva for born og unge
Onsdag 1. august inviterte Ørsta Jeger og fiskarforening til fiskedag i Ørstaelva for born og unge under 16 år.
Rundt 50 born og mange foresette møtte opp.
Borna fekk fiska gratis og skulle få ta med seg det dei fekk, elveeigarane hadde opna elva for dei.
Dei som trong litt vegleiing frå erfarne fiskarar fekk instruksjonar i både flugekast og andre teknikkar av medlemer av jeger og fiskar-foreninga.
Det einaste som var litt synd var at ingen fekk fisk.
Smake på fisk vart det derimot ei råd med, det vart grilling av laks i Laksetunet etter at ein var ferdig med å fiske.
Det var også mogeleg å få seg ei pølse for den som ville.
Sigurd Follestad demonstrerte flugebinding og andre kom med gode fiskehistorier.
Fiskedagen vart ein stor suksess, med mange ungar (og vaksne) som kosa seg i lag.
Toppturar til Slogen og Jakta
Toppturar er faste innslag under Naturfestivalen, og også i år inneheldt programmet mange fine arrangement.
Turane til eitt av dei flottaste fjella i Sunnmørsalpane, Slogen, er blitt ein tradisjon.
Søndag 29. juli tok Ronny Norangshol folk med på turen opp til toppen av fjellet som mange kallar "dronninga av Sunnmørsalpane".
Turen starta på Øye opp Slogråsa, den brattaste og mest fascinerande av alle råsene til Slogen.
Grunna dårleg vær vart berre fire personar med på turen i år, men dei fekk til gjengjeld ei flott oppleveing
Torsdag same veke var Ronny Norangshol klar igjen ved Slogråsa.
Denne gongen gjekk turen til Jakta (1588 m.o.h) på ein bratt sti mellom sprutande fossar til Konedalen.
Ferda gjekk vidare over ein liten snøbre og opp ein noko bratt rygg.
PÃ¥ vegen ligg der eit lite praktbygg av ein varde.
Veret var heller ikkje denne dagen det beste, men den vesle gruppa av turgåarar kunne likevel sjå glimt av den flotte utsikta mellom skyane.
Den store overgangsturen
Den store overgangsturen har vorte ein tradisjon under Naturfestivalen.
Dette er turen som har "alt" - veteranbuss, båtskyss på Hjørundfjorden og vandretur gjennom Bakkedalen til Rognestøylen, god mat og kulturelle innslag.
Veret var diverre ikkje det beste, men folk på våre kantar er ikkje redde for litt regn, så det var likevel full buss frå Ørsta.
Dei fleste deltakarane kom frå Sunnmøre, men også ein familie frå Spania var med på turen.
Det vart ei fin samling på Bakkedalssætra.
Bygdefolket på Bjørke stilte opp og gjorde sitt til at folk trivdes.
Det vart god stemning med både mat og musikk.
Etter samlinga gjekk turen vidare i lag med kjentmann Jonny Finnes.
Skrømt og skrøner på Bjørke
Fredag 3. august var det klart for skrømt og skrøner på Bjørke.
Turen starta med veteranbuss frå Ørsta og festivalbåt frå Sæbø.
På Bjørke venta Einar Saure på dei spente turdeltakarane.
Han tok forsamlinga med på ei spanande ferd som starta ved den gamle naustrekkja.
Derifrå gjekk turen til kvernhusa langs Vikeelva, rundt Bjørkegardane og via Kjerringledet til kyrkjegarden.
Undervegs fekk store og små høyre segner og gamal overtru knytt til dei ulike stadane.
I Knutenaustet vart det selt bålkaffi og vaflar frå vedfyrt vaffeljarn.
Spennande tur til Årsetøya
For fyrste gong omfatta Naturfestivalen også opplevingar på Voldsfjorden. 29. juli - på Olsok - var det tur til Årsetøya.
Vertskapet Signe og Helge Ryste tok godt imot deltakarane, viste rundt og fortalde om folket som budde her.
Det vart også servert mat i to omgongar.
Turen starta i open båt frå Høydalen, og deltakarane fekk vere med til ei lita verd for seg sjølv.
Øya er om lag 60 mål i storleik.
Her finn vi små åsryggar, dalar og opne sletter.
Jordsmonnet er grøderikt og det er mogeleg å drive ein gard som brødfør ein stor familie.
Årsetøya har eit spesielt kulturlandskap skapt av dei mange nevenyttige folka som har budd her.
Den siste innbyggjaren var Knut Årsetøy.
Slekta hans hadde kome til øya i 1854.
I den siste generasjonen som voks opp på øya var det seks sysken.
Tre av dei flytta sin veg då dei vart vaksne, medan tre ungkarar vart buande på øya heile livet.
Knut Årsetøy levde lengst av dei tre. Han døydde i år 2000, 96 år gamal.
Brørne på Årsetøya hadde sine eigne system for det meste
Årsetøya er som eit museum.
Her har alt vorte teke vare på - ingenting vart kasta.
Folket på øya hadde også mange idear om korleis dei kunne forbetre ting dei skaffa seg, og vi finn mange døme på maskinar og andre innretningar som vart ombygde og forbetra.
Dei mange bøkene, oppfinnargjenstandane og tidsskriftene vitnar om stor kunnskap og interesse for omverda.
Om vinteren kunne det vere vanskeleg å kome seg inn til fastlandet.
Særleg var sørpe eit problem.
Men det fanst ei løysing også på det.
På Årsetøya laga dei nemleg nokre 3 meter lange ski til bruk på slikt føre.
Dei heldige turdeltakarane var storleg nøgde etter turen.
Knut Halse sa det slik til Møre-Nytt: - Ei fantastisk øy! Folk bør vere klar over kva attraksjonar vi har kloss innpå oss.
Folk bør absolutt ta seg ein tur og oppleve øya sjølve.
Fotokurs 27 og 28. juli 2007
Vi starta til vanleg tid kl 1700 på Fredag den 27.7. Det var i år 8 stk påmeldt, det meste vi har hatt av deltakarar. Dette var 4 jenter og fire av motsatt kjønn.
Fredagskvelden var det grått vær, med enkelte regnbyger. Dette gjorde ikkje så mykje då kvelden går med til teoriundervisning. Etter endt kurs på kvelden begynte dei tunge regnskyene å legge seg i Bondalen og spesielt i Kvistaddalen synest Gunnar og eg. Vi frykta for at vi måtte ha undervannskamera på fotokurset sin utedel.
Laurdagen kom med "aldrig så lite regn". Det tok aldrig slutt på den regnbyga. Det var berre meir og meir vatn som kom ned også. Saman med deltakarane forsette vi kurset inne på Sagafjord hotell etter en herleg lunch, kyllingrett, som smakte fortreffeleg. Dei aller modigaste av oss torde seg ut på terassa for åfotografere etter at det var rigga opp eit par store parasollar som beskytta for det versta av regnet.
Vi avlutta med å vise bilder som enkelte av kursdeltakarane hadde tatt med. Vi kom alle med konstruktiv kritikk til læring for alle partar. Vi avslutta kl. 1930 på laurdagskvelden.
Vi fekk positive tilbakemeldingar på både kurset og instruktørane.
Kjekt for Gunnar og meg det.
Fototur til Skårasalen søndag 29.07.2007
Etter at vi frykta for turen til Skårasalen på veg heim frå Fotokurset på laurdagskvelden, våkna vi til sol og delvis blå himmel på søndag. Eit mirakel hadde hendt følte vi.
Vi møtte opp på P-plassen i Kvistaddalen og her kom det 3 stk som ville på tur med oss. 2 ørstajenter- busett i Oslo - og en mannleg turist frå Finland. Han snakka godt norsk og vi fekk vite at han m.a hadde jobba 2 år som lege ved Volda sjukehus tidlegare. Kun eine av ørstajentene hadde vore på Skårasalen før.
Vi venta til kl. 1020, på eventuelle etternølarar, før vi starta turen. Veret vart litt grått etterkvart med kald vind og det var "lett" skodde på toppen. Vi gav oss god tid og deltakarane fotograferte og spurte om råd - noko vi gav etter beste evne. Gunnar fortalte om dei mest vanlege plantene.
På veg opp gjekk vi til dei to vanlege utkikspunkta og enda til slutt opp på sjølve toppen. Her var det noko begrensa utsikt grunna skodda. Vi spiste nista vår og kosa oss på toppen ei stund før vi tok til på turen nedatt. Skodda letta no, slik at vi fekk sjå dei kjende og flotte fjella kring Skårasalen. Det vart fotografert ein del på turen nedatt også, både av turleiarane og deltakarane. Vi fekk også prøve å skli på snøen både på beina og 1 prøvde også ryggsekken med regntrekk på.
Vi hadde det kjekt saman.
Deltakarane var så fornøgde med turen at dei ville vere med oss på tur seinare også.
Sommerens mest minneverdige turopplevelse
Konsert med tromboner i meget spesielle akustiske omgivelser på 800 meters høyde!
Legg sommerens turplaner til Molladalen på Sunnmøre den 15. juli og bli med på en lytteopplevelse du garantert vil huske. Etter ca. to timers gange kommer vi frem til konsertstedet: en dalbotn omkranset av bratte fjellsider, vi befinner oss nå i veldig spesielle akustiske omgivelser. Molladalen er et ikon i norsk fjellnatur på grunn av de spesielle formasjonene, og skålformen med de høye stupene gjør den perfekt for en spesialskrevet konsert.
Komponist Knut Olaf Sunde har tatt utgangspunkt i Molladalen med dens unike akustiske potensial og spesialskrevet verket "Molladalen 150707" som består av tre deler og skal spilles på tre forskjellige steder i dalen!
Musikken forholder seg direkte til landskapets akustikk og ekko, og med musikernes plassering i terrenget oppstår det unike klanglige situasjoner.
Turen starter kl 10:15 fra Barstadsætra i Barstadvik i Ørsta kommune. Den første konserten er kl. 13:00. Alle vil være tilbake ved parkeringsplassen ca. kl 18:30.
Fri entré.
Og komponisten er guide!
Relevant link mht. overnatting:
http://rlb.no/overnatting/kommune/1520
Pressekontakt:
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Topp-motivasjon: Til topps med entusiasme og begeistring!
Laurdag 4. august er det fem års jubileum på motbakkeløpet Saudehornet rett opp. Løpet var Noregsmeisterskap i 2006 og dette vart ein folkefest med om lag 1 000 deltakarar. I år vil vi gjenta suksessen og inviterer til Ørsta for å bestige ei av perlene i Sunnmørsalpane!
OPPTUREN til 1.303 moh er for ALLE og i år har vi HOVUDFOKUS på TRIM utan tidtaking og gledene ved å være på OPPTUR i vår praktfulle natur. TRIM startar lenge før konkurranseklassane og lagar ei praktfull stemning på toppen. Vi fokuserar sjølvsagt på konkurranse klassa også, berre så det er sagt!
Fagansvarleg og leiar i Norges Fri-idrettsforbunds utvalg for motbakkeløp, og redaktør på www.kondis.no/motbakke,
Motivasjon-Consult Chr. Prestegård kjem til Ørsta 14. juni for å halde foredrag.
Arbeidsfelt:Bedriftsrådgivning, motivasjon-salg-marknadsføring, motivasjonsforedrag, sponsorformidling med PR- / markeds-rådgivning for idrett , kultur og næringsliv.
Foredraget passar for alle og som har noko med, - eller interesse i næringsliv, verksemder, utvikling, det gode liv med fysisk aktivitet i praktfull natur eller berre treng litt inspirasjon til nye oppturar.
Kom og høyr på Cristian Prestegård, torsdag, 14. juni kl 19.00 på Viking Fjord Hotell. (vår gjest under NM i fjor).
Naturfestivalen 2007 er over
Sunnmøringar flest er ikkje redde for litt regn, og under Naturfestivalen visste dei å setje pris på unike naturopplevingar i all slags ver.
Høgdepunkta har vore mange, både i bokstaveleg og overført tyding.
Naturfestivalen 2007 har vore spennande og innhaldsrik.
Det utfordrande veret har sete sit preg på arrangementa i år, og dette førte diverre til at ein del ting måtte avlysast.
Topptur til Trandalshatten og trollturen i Skorgeura gjekk såleis ut.
Klatreføring til Lynghalstinden vart avlyst, av di det var stor interesse for ekstraturar i Molladalen.
Sport1 sprinten på sykkel måtte også gå ut.
Dei fleste arrangementa vart likevel gjennomførte som oppsett i programmet.
Sunnmøringar flest er ikkje redde for litt regn, og under Naturfestivalen visste dei å setje pris på unike naturopplevingar i all slags ver.
Høgdepunkta har vore mange, både i bokstaveleg og overført tyding.
Å nå toppen av Slogen, Jakta, Skårasalen, Kolåstinden eller Bladet må vel reknast som oppturar!
Spennande har det også vore å bli med inn Hjørundfjorden til samling på Bakkedalssetra og til skrømt og skrøner på Bjørke.
Elles må vi nemne Ørstarittet på opningsdagen, fotokurs, historisk familietur på Hellevegen og turen ut til den utrulege Årsetøya.
Borna kosa seg stort på m.a. olsokfeiring, familieklatredag og fiskedag i Ørstaelva.
Det største arrangementet var motbakkeløpet Saudehornet rett opp som samla rundt 600 deltakarar.
Jon Tvedt sette ny løyperekord, men mosjonistane tok det roleg på det sleipe føret.
I småbåthamna var det folkefest med kjerringtorg, småbåttreff og plattingdans.
Vi er no i gang med å oppsummere inntrykka frå Naturfestivalen 2007, og vi gler oss alt til eit nytt, spennande arrangement neste år!